音频游览

音频游览 Oppdag Bømlo - Lykling

二维码

@计数景点

  1. 语音导览概要
  2. 语音导览概要

    I 1862 fant ein gjetergut den fyrste kjende gullklumpen på Lykling. Det skulle gå 20 år før ein tok dette funnet på alvor og starta utvinning av gull her. Men frå 1882-1910 vart det drive gullgruver i stor stil langsetter kvartsårene her i Lyklingeberget.

    På det meste jobba 4-500 mann her på anlegga og den totale gullfangsten skulle bli omlag 200 kilo. Tre store selskap vart etablert, hovudsakleg finansiert og drive av engelskmenn, men og ei rekke enkeltmannsforetak med drøymarar og eventyrarar, snudde den vesle bygda på hovudet i dei snaue 30 åra som gruvedrifta varte.

    Saman med lokalhistorikar og formidlar Brynjar Stautland, vil du bli litt betre kjent med verksemda som vart etablert i dette golde landskapet.

    På området vil du finna QR-koder. Ved å skanna desse får du høyra historier, sjå bilete, dykka ned i gamle gruvegangar med undervasskamera og sjå gamle fotografi - frå ei svunnen tid.

    Velkomen til Lykling og gullgruvene her.

  3. 1 Lykling Gullgraverområde
  4. 2 Oscars Lode
  5. 3 Knuseriet
  6. 4 Vaskerenna
  7. 5 Laboratoriet
  8. 6 Gullsand
  9. 7 Djupevik hamna
  10. 8 Cyanidrenseanlegget
  11. 9 Fundament og stigerbustaden
  12. 10 Direktørboligen
  13. 11 Draumen til Maren
  1. 语音导览概要

    I 1862 fant ein gjetergut den fyrste kjende gullklumpen på Lykling. Det skulle gå 20 år før ein tok dette funnet på alvor og starta utvinning av gull her. Men frå 1882-1910 vart det drive gullgruver i stor stil langsetter kvartsårene her i Lyklingeberget.

    På det meste jobba 4-500 mann her på anlegga og den totale gullfangsten skulle bli omlag 200 kilo. Tre store selskap vart etablert, hovudsakleg finansiert og drive av engelskmenn, men og ei rekke enkeltmannsforetak med drøymarar og eventyrarar, snudde den vesle bygda på hovudet i dei snaue 30 åra som gruvedrifta varte.

    Saman med lokalhistorikar og formidlar Brynjar Stautland, vil du bli litt betre kjent med verksemda som vart etablert i dette golde landskapet.

    På området vil du finna QR-koder. Ved å skanna desse får du høyra historier, sjå bilete, dykka ned i gamle gruvegangar med undervasskamera og sjå gamle fotografi - frå ei svunnen tid.

    Velkomen til Lykling og gullgruvene her.

此次旅行的赞助商

创建您自己的音频之旅!

使用此系统的移动导游应用是免费的

开始

iOS、Android 和 Windows Phone 的应用预览