Tur audio

Tur audio Kanalvogterboligen

QR code

2 sights

  1. Sumar tur audio
  2. Sumar tur audio

    Folk på Bømlo, særleg fiskarar og fraktfolk, hadde nok ofte ønskt seg ein lettare sjøveg enn vestsida av øya. Haust- og vinterstormane var tøffe og mange skuter forliste og liv gjekk tapt. Det er nok ikkje få kystfolk som opp gjennom åra har hatt tanken om ein eigen og utbetra sjøveg innanskjers.

    Sommaren 1852 var det ordførar Erik Jacobsen Øklandsnes i Finnås herad som lanserte Idèen om ein eigen kanal gjennom Kulleseid. Saka vart behandla på Amtstinget og sendt vidare til Departementet med kostnadsoverslag utarbeidd av kanaldirektøren. 22. desember 1853 kom innstillinga og Stortinget vedtok planen allereie i 1854.

    Den gongen og i åra framover var brukarane av kanalen stort sett fiskarar og fraktfolk, medan Kulleseidkanalen i dag er vorte eit turistmål. Slik sett er heile historia om Kulleseidkanalen representativ for utviklinga i samfunnet elles.

    Transport via sjøvegen er ikkje lengre så viktig for næringslivet på øya. I dag er det stort sett ferie- og fritidsfolk som i hurtiggåande båtar, fartar gjennom og rundt alle desse tusen øyene. Slik er Kulleseidkanalen framleis viktig for samfunnet, men på ein annan måte enn for forfedrane.

    I denne formidlinga blir du kjent med historia om kanalen, kanalvogterboligen og korleis samfunnet her på Finnås vaks og utvikla seg saman med bruer, telegrafi, vegar og posttenester - her på Kulleseid.

    Det er Ola Ersland som fortel i samtale med Lage Thune Myrberget. Bileta er samla frå digitalt museum, lokale samlingar og private bilete. Velkomen til Kanalvogterboligen, Kulleseidkanalen og telegrafstasjonen på Finnås.

    Dette formidlingsprosjektet er støtta av Bømlo kommune som ein del av arbeidet deira med kulturminneplanen til kommunen.

  3. 1 Bakgrunn
  4. 2 Bomstasjon
  5. 3 Inne i huset
  6. 4 Pivot
  7. 5 Utviding av kanalen og nye bruer

Recenzii

Nicio o recenzie încă

Scrieți prima recenzie
A minimum rating of 1 star is required.
Please fill in your name.

Sponsorii acestui tur

Creați-vă propriile tururi audio!

Folosirea sistemului şi a aplicaţiei ghid mobile este gratuită

Start

App preview on iOS, Android and Windows Phone